hits

Ny blogg- vil du følgje meg vidare?

Ja, du las rett. Eg har funne ut at eg skal prøve meg på ein ny, og forhåpentlegvis siste, blogg. Alle gode ting er som kjent 3, så no håper og trur eg dette vert siste skifte! 

Eg hadde blitt veldig glad om du føl meg der. Klikk under:

Bloggen heiter Hjartebru, og eg har allereie skrive eit fyrste innlegg. 

Vert du med? 

 

Eit behov for å få ut kjensler

Nyåret på bloggen kom seint, men men... Det skal litt overskot til for å skrive, sjølv om eg eigentleg ikkje bruker så mykje energi på det. Det er den berømte dørstokkmila, så pleier resten å kome ganske greitt av seg sjølv. Eigentleg har eg ganske mykje eg kunne tenkt meg å skrive om, men eg føler eg utleverer meg såpass mykje på Instagram at det ville vore litt for "voldsomt" om det skulle kome mykje her i tillegg. Må berre få reklamere litt for alle dikta som ligg ute på Instagram, eg ante ikkje kor mange som driv med Instadikt! Eg er innom fleire og les ein gong i blant, og sjølv om det er stor variasjon i kvaliteten, viser det jo eit behov mange har, det å setje ord på det dei tenkjer og føler. Og det skal seiast- det er mykje kjærleik der ute! 

Eg vart overraska då eg i fjor sette i gong med diktinga mi. Eg veit at eg ikkje har talent for det, men det er ein fin måte å "få ut" ein del tankar. Samstundes som eg prøver å tenkje LITT over om eg klarer å seie noko med bruk av eit verkemiddel eller to, er det sjølvsagt det at det er så stor geografisk distanse mellom kjærasten og meg, som gjorde at eg følte for å spisse blyanten. Og då Torbjørn i tillegg var med på ideen "felles hobby", noko som jo er litt innvikla når han bur ei dagsreise unna, vart det jo ekstra givande å halde fram :-)

Mange av dei eg har lest Instapoesi av, er faktisk ungdomar. Nokre har kjærleikssorg, nokre kuttar seg, andre er så forelska at dei ikkje veit kor dei skal gjere av seg (treng forresten ikkje vere ungdom for å ha det sånn, altså), det er mange kjensler som får utløp på Instagram. Det er ikkje alt det er så lett å snakke om, og det er ikkje alle som har nokon å snakke med om dei litt meir alvorlege og viktige temaa her i livet. Samstundes legg mange ned arbeid i den visuelle utforminga i tillegg, og skapar sitt "varemerke". Heldigvis slepp eg å tenkje på den siste biten der, då det er Torbjørn som tek seg av det. Og jammen klarer han å overraske der òg, ikkje før i juleferien avslørte han ein liten detalj han hadde lurt inn på det eine biletet :-)

Noko av grunnen til at eg enda opp med å skrive om dette akkurat i dag, trur eg kan vere at eg las ein tekst med ein åttandeklasse i dag i norsk. Teksten handlar om ei kreativ sjel som får øydelagt fantasien sin fordi dei vaksne meiner han må fokusere meir på det typisk skulefaglege som er det viktige for oss. Elevane var veldig "med" på denne teksten, og det var eg òg. Sjølvsagt er det faglege viktig, men musikkfaget, som eg er veldig glad i, er eit trist døme på kva som vert nedprioritert i skulen i dag. 

Når avgangsklassen min skal ha om dikt seinare dette halvåret, skal me jammen meg bruke litt tid på å dikte. Det kjem ikkje til å treffe alle, men me skal gjere det likevel.

Eg kjem òg til å dikte vidare, for eg tykkjer det er kjempegivande å kome i modus! Å få sagt noko viktig, men på ein sånn måte at det kanskje ikkje berre er MEG (og Torbjørn, sjølvsagt og forhåpentlegvis :-)) det gjev meining for, er noko eg liker godt. Men det er alltid Torbjørn eg skriv til, nokre gongar er det ganske bokstaveleg, andre gongar kan det eg skriv vere tvetydig. Og sjølvsagt er det aller beste med heile greia når Torbjørn har laga noko me kan dele :-)

Kva tenkjer du om dikt som uttrykksform? 

No skal eg sjå Criminal Minds, drikke brus og ete noko usunt. Og du? I morgon er det fire veker til vinterferie, sånn viss du lurte...

 

Julebrussmaking

No nærmar det seg! Både ferie og jul. Det skal verte usedvanleg fantastisk. Eg sat lenger enn planlagt på jobb i dag òg, fordi eg ville vere ferdig med absolutt alt av vurderingar før eg no tek ferie i morgon ettermiddag. Fekk gjort ferdig noko eg har sagt til elevane eg har i norsk på 8. trinn at eg ikkje kom til å gjere før i januar, så no vert dei nok overraska i morgon.

Denne veka har ikkje ungane vore hjå meg, så eg har hatt nokre dagar til å gjere klart til ferie. Det er litt som skal organiserast når tre personar skal pakkast til for å vere vekke i 11 dagar + alt av gåver og sånne ting. Eg tek pakking over fleire dagar, og planlegg kva eg skal gjere kva etter kvart, sånn at eg har full kontroll på vaskemaskin, oppvaskmaskin, alt ut av kjøleskap, pakking av mat til turen, hiving av boss osb. osb. 

Men i helga var ungane her, og då fekk me tid til å gjere eit par koselege førjulsaktivitetar. Laurdag hadde me julebrussmaking. Me kjøpte 5 flasker med ulik julebrus på butikken, og det var sjølvsagt blindtest for ungane, sjølv om det nok ikkje hadde hatt noko som helst å seie for dei. Me gjorde det skikkeleg seriøst, alle ga smilefjes: smil, midt på eller sur munn, og så rekna eg ut poeng til slutt. 2 p for smil, 1 for midt på og 0 for sur munn. Skal det vere, så skal det vere. 

Her er brusane me testa:

Og her er resultatet: 

5. og siste plass: Utan tvil: Berentsens sukkerfri- brun: Fyttirakkern, unnskyld oss, men dette var gale! To av oss måtte helle dette ut, det var gale. Sonen min skreiv "dritt" på arket og eit skikkeleg surt smil. For å vere litt hyggelege, er jo trass alt jul, var ungane einige om følgande: "Hadde vore betre om sommaren." Altså ingen julekjensle av denne.

4: Christianssands Bryggeri (CB): Her var det stor variasjon i testpanelet. Den eldste av oss meiner denne ikkje var like gal som nr. 1, men framleis sur munn. 9-åringen skriv derimot "drittgodt", 6- åringer syntest denne var midt på treet.

3: Berentsens sukkerfri- raud: Ungane positive, ikkje mora. Dette smakte syntetisk.

2: Ringnes: Midt på treet for den yngste, smilefjes frå dei to eldste. Her får ho mor sjølv flashback til barndomen, noko som sjølvsagt er viktig når det gjeld julebrus. Denne er frisk, og favoritten min i testen.

1: Hamar bryggeri: Dette var favoritten til begge ungane. Yngstemann skriv "fårgo best" (FOR god- best) på vurderingas si, medan eg tykte denne var skuffande etter å ha kost meg med Ringnes rett før.

Men når det er sagt: for meg er det Lerum og Hansa som gjeld, så no skal eg snart heim og handle det som VERKELEG er julebrus!

Kva er din julebrusfavoritt?

Kvalitetstid på biblioteket

Etter å ha blitt ferdig med haustens utviklingssamtalar i ettermiddag, feira eg hendinga med å ta meg ein tur til Bryne. I ro og fred gjekk eg på biblioteket, klokka var over 18 då eg kom fram, så det var nesten ikkje folk der. Eg raska med meg nokre diktbøker, sette meg ned i ein mjuk godstol og rett og slett berre sat der og slappa heilt av. Det var verkeleg heilt magisk...

Om nokon skulle lure, er det aller fyrste gong eg har bladd gjennom diktbøker på biblioteket, sånn heilt friviljug, eg pleier ikkje det, altså. Men eg såg føre meg at det kom til å vere ein avslappande aktivitet, og det stemte, det.

Så der sat eg, då, ein rimeleg utslitt kropp i midten av 30-åra, med skallebank og håret i alle retningar og koste meg i garantert verdas mjukaste, herlegaste stol, medan eg bladde gjennom fire diktbøker etter noko som fenga. Og det var det fire dikt som gjorde, her er eitt av dei:

No skal eg snart ete favorittkjøpepizzaen min, og berre slappe av ei stund :-)

Kroner en, kroner to...

Rundt oss ser og høyrer me lukkelege historier om dei som har vunne i Lotto eller på Flax eller liknande, og me som ikkje har opplevd noko slikt å snakke om, har vel alle tenkt tanken: "Tenk om det var meg". Med eit sukk på slutten.

Ein laurdag kveld eg var heime medan eg var student, stod eg i stova og såg på Lotto-trekninga. Eg hadde tippa Lotto, så kupongen var klar til sjekk. Det eine talet etter det andre "tikka inn", og pulsen dundra. Ein fattig student som vann 8000,- og som sikkert blokka ut i to minutt, for eg hugsar ingenting av det som skjedde etterpå :-D Eg trur eg levde på dei pengane i eit halvt år, det var iallfall det eg følte sjølv.

Kva ville vore den ultimate summen å vinne? Eg kunne aldri tenkt meg å vinne eit hundretals millionar, som nokon nyleg gjorde. Kva i alle dagar skulle eg ha så mykje pengar for? 5 millionar, derimot, hadde ikkje vore å forakte.

Kva er så planen min framover? Nei, eg spelar ikkje. Her går det i Flax no og då, og det er det. Likevel går eg altså og drøymer om å vinne i Lotto. Så... kanskje det hadde vore lurt å få seg eit spelekort? ALT kan skje! 

Kva hadde vore det fyrste du hadde brukt pengar på om du plutseleg vann 5 millionar? Det ALLER fyrste?

No skal det skrapast...

Kleint å vere meg?

Det er så tydeleg når hovudet mitt er kreativt nok til å skrive dikt og ikkje. Etter å ha vore i lag med min betre halvdel, er det å vakne opp 1) åleine og underordna 2) av vekkjeklokka heilt pyton. Og det er då hjernen er såpass aktiv at eg plutseleg har eit lite dikt å skrive ned. Eg finst ikkje i nærleiken av å skrive dikt når me er i lag, så det er vel måten min å få uttrykkje noko som må ut når det ikkje kan forklarast på enklare vis, sånn titals mil unna... For meg er det enklast gjennom skrivne ord. Torbjørn får jo alltid lese dikta fyrst, det skulle no berre mangle, dei er trass alt til han, men så legg me jo ut nokre av dei på Hjartebru på Instagram.

Tenkjaren min <3

Nokon tenkjer kanskje at det vert litt personleg eller "kleint" eller kva som helst, men eg tenkjer ja vel, kva så? Om du skulle meine det, so what? Med så mykje elende rundt oss, kvifor skal ikkje eg skrive om korleis eg har det no? Eg seier ikkje at livet er perfekt 24/7, for då hadde eg ikkje snakka sant, men det eg skriv, det meiner eg. Eg har truffe ein som eg har det veldig godt med, og då ser eg ikkje problemet i å fortelje det i det heile teke. Når skjebnen ville ha det slik at me i tillegg bur langt frå kvarandre, og eg difor ikkje ser han så ofte, ja, då er det noko som sjølvsagt har stor innverknad på livet mitt. 

Eg forstår jo at alle ikkje er like (eg veit at berre ordet eg snart skal skrive, gjer at nokon rygger, men I don't care) romantiske i tankegangen, og heller tenkjer praktisk og økonomisk og alt det der. Det må dei berre gjere, så lenge eg får leve som eg vil. Eg har dei siste åra blitt såpass godt  kjent med meg sjølv at eg ikkje har noko problem med å vite og innsjå at det eg vil ha, er eit GODT liv, og då tenkjer eg ikkje materielt sett. Eg er ikkje oppteken av det. Sjølvsagt liker og vil eg ha det eg treng, og eg liker komfort og alt det der, men å ha det nyaste og mest fancye og alt sånt: nei, eg BRYR MEG FAKTISK IKKJE. Eg har det mykje betre med meg sjølv når eg veit at eg står for det EG meiner er viktig og rett, i staden for det som mange trur "alle" andre meiner. Eg er så møkklei av falske folk, som ikkje tør å høyre på seg sjølv og heller føl fleirtalet. Faktisk tykkjer eg synd om dei òg. 

Fjorårets viktigaste julegåve kjøpte eg til oss. Direkte frå Jæren, #Fuelbox. Eg er hekta! Det har blitt mange timar med samtalar ut frå korta i denne lille boksen, og me har såvidt begynt! Her hadde eg det som plomma i egget i haustferien, berre sat og slappa av og fekk den yummy middagen #luksus :-)

Om eg hadde vunne 10 millionar, hadde eg ikkje takka nei til det, altså, men det er ikkje det som betyr mest. Hadde eg kunne teikne, skulle eg prøvd å forklare hovudet mitt. Det hadde nok blitt rimeleg abstrakt kunst ;-) Eg har ikkje tenkt å late som eg er Aune Sand, for eg er ikkje DER, akkurat, men det er mange tankar og kjensler oppi topplokket mitt. Og det er så befriande avslappande å ha ein kjærast som taklar at eg er sånn :-) Kor fantastisk det er å berre vere seg sjølv, og bry seg minimalt om kva andre signaliserer. For det er faktisk deira problem, og ikkje mitt, sjølv om det gjev nokre aha-opplevingar som ein helst skulle vore forutan. 

Eg held fram å skrive, eg. Både dikt og kanskje til og med blogging. Eg starta i kveld utan mål og meining, og plutseleg skreiv eg for harde livet. For dette er viktig for meg. Både det med å få fram litt om korleis eg har det med Torbjørn i vår situasjon, og det å vere seg sjølv. Nokon F O R S T Å R ikkje det, og då tenkjer eg at det kan eg faktisk ikkje bruke energien min på lenger, for det tappar ein fullstendig for krefter. Eg er meg og sånn er det. Om det skulle vere tvil: eg ser at eg framstår som veldig oppteken av meg sjølv når eg skriv, men no er det no sånn at det er livet mitt eg skriv om i bloggen, så då må det berre verte sånn. 

Rom for tolking...

Eg fokuserer på dei eg trivst i lag med, dei som gjev meg energi og glede. Dei som er positive og støttande, og ikkje dei som er det motsette. 

Dette vart kanskje eit noko rotete innlegg, men sånn er det når eg set i gang maskineriet. Abstrakt kunst.

 

Om avstandsforholdet vårt

(Bileta/ dikta i innlegget er frå Instagram-kontoen T og eg har i lag: Hjartebru.)

Helger og feriar er underfundige. Ein ser for seg at ein skal rette, rydde og vaske heime og kanskje til og med sjå ein film. Sundag kveld tenkjer du litt smådesperat at du i det minste må støvsuge. Og når du legg deg om kvelden og oppsummerer helgas planer, kan du konstatere at du iallfall fekk sett på oppvaskmaskina...

Sånn hadde og tidvis har eg det framleis, men kan godt hende eg er åleine om det.

I feriane er det utvida planar. Då skal eg ikkje berre vaske og rydde, eg skal til og med ha reale sorterings- og fjerne-seansar, både når det gjeld kle og andre ting. Kle skal leverast til Fretex og kjøkenskapa skal kanskje få ein vask. Og alle kleda skal sorterast og i rette skuffer. Når ferien var over, og eg skulle oppsummere kva eg hadde gjort, hadde eg endeleg kapasitet til å tenkje, for eg hadde fått nok søvn. Og der stogga stort sett det eg kunne setje "check " på. Kanskje utanom å gje kle til Fretex, har alltid vore god på det.

Sånn var det før. Sånn er det ikkje no. Feriane har eit heilt anna fokus no.

No har eg ungane annankvar helg. Då er det TV-kveldar og god middag og snop som gjeld. Kanskje spele eit spel eller lese ei bok i lag. Reise på handletur eller biblioteket, eller noko anna. Prøver å variere litt. 

Helgene utan ungane er så avgjort meir langdryge. Men når eg ikkje har dei, jobbar eg mykje. Sit ofte lange dagar på jobb og får gjort unna mest mogleg, ofte mange "smådillting" som hopar seg opp. Alt tek tid. Prøver å langtidsplanlegge ein del og, fordi eg har høve til å sitje lenge desse dagane. Når eg har ungane, er det dei eg vil bruke tida på.

Felles for alle dagar: Når kvelden er der, ungane er lagt og det roer ned både i kropp og sinn, er det å snakke med kjærasten. Kanskje ein halvtime, eller to timar, det er aldri godt å vite. Me skriv i lag gjennom dagen og, men det er no me får PRATA. Balsam for sjela når det er som det er.

Avstandsforhold er ikkje å foretrekke. Verkeleg ikkje. Eg hatar det, rett og slett. Men no er det sånn det er, og per no er det ingenting eg kan gjere med det. Det tek mykje energi, men eg prøver så godt eg kan å sjå dei positive sidene ved korleis ting er. Utanom geografien og dei utfordringane der, har eg det veldig bra. Å ikkje sjå kvarandre på seks veker, det er faktisk tilnærma helvete på jord for meg, men akkurat no klaffar ting for ein gongs skuld bra, så då vert og livet enklare. 

For når me er i lag, og sit og pratar om alt og ingenting, då veit eg at sånn vil eg ha det kvar dag. Eg veit om dei som utad har det sånn, men der realiteten er ein annan. Det er faktisk ikkje godt nok for meg, sånn vil ikkje eg ha det. Enkelt og greitt.

Me får iallfall tid å bli kjent, så ingen skal seie at me forhastar oss! Og når ein er i 30-åra, veit ein som regel kva ein vil og kva som er til å leve med og ikkje for nettopp deg. Når me ser kvarandre så sjeldan, får me andre utfordringar enn dei som er i meir geografisk normale forhold, men dette er me jo klar over. Samstundes er me "i lag" kvar dag, og eg trur me snakkar mykje meir saman enn mange som bur under same tak. Den organisatoriske kvardagen ordnar me på kvar vår kant, så her slepp me jo unna ein del evt.frustrasjon, som mange har, og kan heller fokusere på anna når me pratar. 

Livet er ikkje heilt som det burde, men eg tenkjer på alt som kunne vore utfordringar, men som me slepp. Det er SÅ mange andre ting som kunne gitt grå hår óg, og alle har sitt og stri med. Heller geografiproblematikk ein periode enn kommunikasjonsproblem, ikkje føle at ein blir forstått eller mistillit. Då hadde det blitt kroken på døra.

Det handlar ganske enkelt (og samstundes så komplisert!) å treffe ein som er på bølgelengde med deg i dei mest avgjerande aspekta ved livet. Som du kan ha både gode og dårlege dagar med og vite at det veit begge to er aldeles normalt, og at ein kjem gjennom i lag. Ein som ein kan ha ein felles interesse eller to med. Ein som ikkje tykkjer alle dei rare sidene dine berre er irriterande, men faktisk kan vere sjarmerande... Ein som gir tid og tek tid= deler tid. Ein som høyrer etter og tek som tek det som skal takast på alvor, på alvor. Og så vidare og så vidare, det er vel ikkje naudsynt å halde fram, trur du har teke poenget mitt.

Når alt det her klaffar, då er det faktisk underordna at han bur ei dagsreise unna. Ja, me er heilt nøydde til å ta tida til hjelp, og sjølv om det er vanskeleg, er det som sagt så mykje anna som overskugger geografien. 

Det pussige her, er at omtrent utan unntak, så får eg berre meir tru på alt når eg diskuterer dette med andre, fordi dei fleste er så positive. Det var kun i starten eg møtte skikkeleg motbør, i bøtter og spann, faktisk, men det gjorde berre at samholdet mellom T og meg fekk ein pangstart. Så takk til dei det gjeld! Eg har lært mykje siste året om folk rundt meg, og har fått nokre skikkelege aha-opplevingar desidert mest på godt, og diverre litt på vondt. 

No har eg kome heim etter ei helg på Austlandet med T, og eg har truffe fleire i familien hans.

Denne kjøpte eg på handleturen vår på Jessheim i går. Tok telyshaldaren opp av bagasjen med ein gong eg kom heim i ettermiddag, treng påminninga...

Fram til me sjåast att, har eg fullt opp med program, både kjekke ting med ungane og naudsynte ting på jobb (mykje naudsynt på jobb er kjekt óg, altså). Og sjølv om han ikkje er her, så er han jo det likevel. Stor takk til Messenger, Facebook og Instagram, hadde ikkje klart meg (oss) utan!

Spørsmål, reaksjonar og tankar? Få det ut, eg svarar!

PS: Om nokon skulle lure, så har T lese det eg har skrive her. Eg publiserer ikkje utan at han tykkjer det er greitt. 

CRAZY?

I går la eg ut eit blogginnlegg som vart publisert med delte kjensler. Viss du vil lese det, kan du klikke her. På den eine sida tykte eg det var ganske morosamt, på den andre sida var det ganske flaut :-D Det knytte seg litt i magen fordi eg var spent på reaksjonen. Etter få minutt kom følgande bilete på innboksen min:

Eg skal ikkje seie kven eg fekk biletet av, men eg lo HØGT. Og LENGE. Det var hysterisk morosamt. Vedkomande hadde ikkje lese blogginnlegget, så personen visste ikkje kva det var som stod opp. Men tenkte tydelegvis sitt. 

Dei som klikka inn på innlegget, veit at det var eit heilt uskuldig blogginnlegg om eit lite "problem" eg har. Bakgrunnen for det eg skreiv er ganske enkel: I forgårs høyrte eg at det var meld orkan på Nordvestlandet. Det fekk meg til å tenkje på det sjukaste biletet som eg trur nokon gong er teke av meg (og fleire andre), nettopp utandørs medan det var sterk vind. Samstundes tenkte eg noko a la "håret stod RETT opp", og då datt berre tittelen på blogginnlegget ned i hovudet. Eg visste jo med ein gong at det kunne tolkast feil, og då fann eg ut at eg skulle gjere eit lite ekseperiment. Du har kanskje høyrt uttrykket "klikkhore". Plutseleg fekk eg lyst å teste ut fenomenet, og sjå om det faktisk fungerer. Sjå om det ga fleire klikk rett og slett. 

Å trykke "publiser" var ikkje heilt lett, det var ganske uggent faktisk .Men eg hadde jo lyst å teste det ut. Eg lurte altså på om det ga fleire klikk, og kort oppsummert: JA, det gjorde det! Eg ser kor mange som er inne på bloggen i sanntid, og det tok ikkje mange sekunda før det tikka inn lesarar. Heile kvelden var det jamnt og trutt fleire innom. Berre grunna ein tittel som kunne bety at eg kom med SJOKKERANDE informasjon! Men sorry, det vart ikkje CRAZY avsløringar her :-) 

No sit eg og funderer på kva dagens blogginnlegg skal få som tittel. "Mitt nye liv som hore", kanskje? For no har eg jo blitt ei skikkeleg klikkhore, eller kva? ;-) Eg ville garantert fått fleire klikk på det. Må nok skuffe dykk der, det som vert skrive her på bloggen, vert nok av mykje meir uskuldig art, ja. Rett og slett små innblikk i livet og tankar om det eg er oppteken av. Det er heilt opp til deg om du vil bruke tid på det eller ei.

Eg kryssar fingrane for at vinden er roleg i morgon, for eg har blitt pingle nok med tanke på flyturar dei siste åra, sjølv i fint ver...

Håper du får ein fin kveld <3 

Når den står rett opp

Det er vel ikkje til å stikke under ein stol at når ein får kjærast, vil ein oppleve eit par uønska situasjonar, som kanskje ikkje ville betydd like mykje når ein har vore i lag lenge. I sommar var T og eg på tur til Praha. Det var grisevarmt eit par dagar, og eg åt uante mengder med is for å ikkje krepere i varmen. Då me kom til Karlsbrua, som er eit "must" for alle Praha- turistar, måtte me ta nokre sterkt naudsynte sjølviar (me er ikkje heeeilt einige i kor viktig det er å ta minst 20 sjølviar per dag, men det er ei anna historie). For å gli inn i mengda, hadde me til og med sjølvistong, og mobilbatteriet fekk bein å gå på i varmen. Etter ein real fotoshoot, oppdaga eg plutseleg at eg hadde fått sjokolade frå ein is på t-skjorta. Sånn midt på, liksom... Sjekka raskt bileta, og jada, svær og framtredande sjokoladeflekk på alle bileta... Endå verre var det sjølvsagt at eg resten av dagen måtte gå rundt med ein særdeles synleg sjokoladeflekk på t-skjorta. LØVLY!

Ingen sjokoladeflekk å spore, takk og lov at det er mogleg å beskjære bilete!

Ein annan uønska situasjon, som kan skje ganske ofte for mitt vedkomande, gjeld håret mitt. Viss du har stritt hår, kjem du ikkje til å skjøne problematikken i det eg skal skrive no, men har du krøller, kan det hende du kjenner deg att. For er det noko eg hater med hausten, er det vinden. Det bles jo konstant, og med krøllete hår som gjer akkurat kva det vil, kan det medføre dramatiske konsekvensar. Så når det er vind ute, då lir eg i det stille. For eg veit at med ein gong eg går ut, har eg ikkje kontroll på korleis resten av dagen vert. Kjem det eit vindkast, står truleg hårmanken min rett opp. Eg tullar ikkje. Og når det har skjedd, då er hundreogeitt ute. Berre spør kven som helst i familien min korleis eg var i ungdomen når det gjaldt håret mitt. Det gjer vondt å tenkje på. No har eg eit sunnare forhold til slike ganske uvesentlege ting (legg merke til at eg skreiv "ganske"), men når vinden ular, får eg altså litt noia. I kveld er det meld heftig vind lenger nord på Vestlandet, satsar på det går bra!

Forresten: kva i heiane trudde du eg skulle skrive om då du las tittelen???

Kan ikkje love noko som helst

Snart fire månadar sidan eg var aktiv på bloggen! Føler òg at dei siste innlegga har starta akkurat på denne måten, at eg skriv kor lenge det er sidan sist. For blogginga er ikkje akkurat det som ligg fremst i pannebrasken for tida. Føler liksom ikkje heilt for å utlevere altfor mykje på bloggen heller, då eg synest eg utleverer heilt på grensa av i overkant mykje på Instagram ved å skrive dikt :-)

Eg liker å starte heilt på nytt når eg avsluttar noko, difor vert det litt merkeleg å plutseleg halde fram å skrive att på denne bloggen. Men er heller ikkje motivert for å starte ein ny, så no prøver eg ut korleis det er å skrive att her, så kan eg jo berre håpe eg tykkjer det er litt inspirerande. 

Så kva har skjedd dei siste månadane? Det er jo ein del, og eg har såvidt skrive litt på bloggen, men kan no ta kortversjonen: Flytta nærare barneskulen til sonen min for litt over 1 år sidan. Annankvar veke bur ungane hjå meg no, dottera mi har begynt i 1. klasse og sonen min går i 4. Jobbar framleis på same ungdomsskule (takk og lov noko som er stabilt!) og har avgangsklasse i år. Jobbar for fyrste gong på mange år 100%, det er veldig travelt, og det merkast at eg ikkje har pusterommet eg er van med i løpet av ei travel veke, men det går på eit vis. Kjærast har eg fått meg òg, han bur om lag 100 lysår unna, men så lenge han er så snill og god som han er, så får ein overleve langdistanseforhold ei stund... 

Som tittelen hintar til, lovar eg ingenting om at det kjem nytt blogginnlegg i næraste framtid, men plutseleg får eg det for meg at eg skal blogge igjen, eg aner ikkje... Eg skriv så mykje meldingar med kjærasten at eg rett og slett har ikkje det same skrivebehovet her som før :-) Som eg nemnte i stad, skriv eg òg nokre kortdikt når eg i det inspirerte hjørnet. Sender det avgårde og så vert det kunst ut av det, når min betre halvdel får bruke kreativiteten sin. Me kallar oss "Hjartebru" på Instagram og legg ut det me lagar der. Om du har lyst å sjå, kan du trykkje her

Når eg ikkje sjølv har vore aktiv på bloggen, har eg heller ikkje lese andre bloggar, så no satsar eg på å få oppdatert meg på bloggane eg fulgte med på. Det var ikkje mange eg las fast, så satsar på det skal gå bra.

Ha ein fin kveld!

I live

Er i live, om nokon skulle lure! Har vore i Nordfjord så langt denne ferien, men denne helga er me innom Jæren, før ferda går til det store utlandet. 

No har me nettopp publisert eit nytt "samarbeidsverk" på Instagram, det var vel på høg tid, for no var det veldig lenge sidan førre publisering. Det viktigaste med det vesle "prosjektet" vårt er jo trass alt at det skal vere noko kjekt å gjere, det er som med blogging, noko ein skal gjere fordi ein vil, og ikkje MÅ.

Stikk innom Instagram og sjå det SØTE innlegget ;-) www.instagram.com/hjartebru

I dag har me vore og sett Knudaheio, hytta til Arne Garborg. Eg likte kleshengaren hans:



 

30 spørsmål og svar

Eg har hatt eit par spørsmål og svar- innlegg tidlegare, og no kjem det eit til! Så då veit du kva du har i vente...

1. Kven ringte du sist? Vanleg telefon: pappa. Videochat: Kjærasten

2. Kven ringte deg sist? Sjukehuset på Eid.

3. Føretrekkjer du ringe eller sende sms? Jamnt over sms.

4. Kva film såg du sist? Hm, godt spørsmål, eg er dårleg på å hugse filmtitlar... For ikkje å snakke om kor vanskeleg det er å skilje dagar frå kvarandre. Men eg har NYLEG sett Max Manus med klassen iallfall.

5. Kva er din favorittstad? Nordfjord.

6. Når såg du mora di sist? I påsken, var det vel?

7. Kva augefarge har du? Blågrøne.

8. Kva er favorittjulesongen din? Ei krubbe var vuggen.

9. Når vakna du i dag? Uff... halv 12....!

10. Kva skremte deg som lita? Veggane i tunnelen me budde like ved. Såg ut som troll, i tillegg var det nesten ingen lys i tunnelen og eg høyrte vatnet dryppe både her og der.

11. Kva er den beste eigenskapen din? Det hadde jo eigentleg vore mest interessant om nokon ANDRE kunne ha svart på det... Ta gjerne oppfordringa og skriv ein kommentar under ;-)

12. Kva er den verste eigenskapen din? Eg er til tider ekstremt utolmodig. 

13. Søv du med eller utan kle om natta? Utan.

14. Kor mange puter har du i senga? Eg har nok med ei.

15. Kva høyrer du på akkurat no? TV-en som står på i bakgrunnen. 

16. Kva er favorittisen din? Pistasj med sjokolade

17. Kva er favorittdesserten din? Kva som helst som inneheld sjokolade.

18. Liker du kaffi? Ja, sjølv om eg var nærare 30 før eg byrja å drikke det. No kan eg ikkje leve utan.

19. Kva drikk du helst til frukost? Heime er det alltid vatn. Kaffi rett etterpå. 

20. Kven var favorittlæraren din på vgs? Spansklæraren min på Bergen Handelsgymnasium, Nataas heitte han. Tørr humor som eg digga. Kjempesnill og flink.

21. Kan du spele poker? Nei.

22. Kva radiostasjon var den siste du høyrte på? Kiss.

23. Søv du på ei spesiell side? Liker best å sove mot venstre. Uaktuelt å sove på magen, då er eg øydelagt når eg vaknar. Veldig sjeldan på rygg, då er eg som regel sjuk/ særdeles trøytt.

24. Kva bruker du helst pengar på? Kjem an på om det er snakk om dei pengane eg har NO, eller om eg hadde ubegrensa med pengar... Akkurat NO er det opplevingar. Om eg kunne kjøpt det eg ville, ville eg brukt pengane på hus eller reiser. 

25. Kva er favorittprogrammet ditt på TV? Criminal Minds

26. Kan du stå på slalåm? Nei, det har eg aldri gjort, og eg trur det er liten sjans for at eg nokon gong kjem til å gjere det òg.

27. Korleis vert du imponert? Eg vert imponert av dei som tør å gå sine eigne vegar, dei som ikkje føl alle andre eller det som vert forventa av dei. Det viser at dei har bein i nasa og tør å vere seg sjølv. 

28. Kva var favorittfaget ditt på skulen? Norsk. Det har alltid vore yndlingsfaget mitt. Eg kunne ikkje fordra analyse av ulike tekstar, det meinte eg var bortkasta tid, men å sitje og surre med grammatikk og aller best skrive <3 stil <3, DET var berre det beste på skulen.

29. Kva er nærmast deg som er raudt? Passet mitt ligg på det vesle bordet rett bak meg, klar til bruk :-)

30. Kor mange søsken har du? Fire. Systrene mine er 22, 24 og 33, og broren min er 27.

Det var litt om meg, kanskje du lærte noko nytt? Elles hadde det som nemnt vore artig om nokon kunne skrive kva dei meiner er den beste (og evt. verste) eigenskapen min, for det hadde jo vore interessant å vite :-)

Ny header på bloggen- snart sommar

No tenkte eg at det jammen meg var på tide med ein ny header på bloggen. Eg likte den førre veldig godt, difor har den blitt verande så lenge, men no tenkte eg det var på tide med litt oppdatering av kva som er "meg". Det er vel det som er heile poenget med ein header? Biletet viser forresten ikkje på mobilversjonen av bloggen, så les du på mobil, får du diverre ikkje sett headeren. Grunnen er at eg rett og slett ikkje veit korleis ein gjer det :-/

Det er "berre" 13 dagar til 1. feriedag (sånn til informasjon, om nokon skulle vere i tvil), men det er mykje som skal skje før den tid. Bursdagar, avslutningar, karaktersetjing, prøve å halde "trøkket oppe" for tenåringar i feriemodus (ekstra utfordrande når læraren deira òg er i feriemodus, men det skal ikkje dei få merke noko til, vonar eg) og det som måtte finne på å dukke uventa opp. 

I dag er målet å verte ferdig med siste rettebunken før ferien. Då er det berre fastsetjing av terminkarakterar som gjenstår, og når DET er gjort, då håper og trur eg feriekjensla så smått byrjar å kome snikande. 

Headeren min er som vanleg laga av den yngste systra mi, Ragnhild. Ho er forresten veldig god til å ta bilete, hadde til og med eine bilete sitt på Dagsrevyen i påska. Trykk her for å sjå Instagram-kontoen hennar.

God helg! 

 

Ein epoke er snart over...

I august 2010 byrja sonen min i barnehage, litt over to år gamal. Det var ikkje med lett hjarte eg skulle gje han frå meg tre dagar i veka til ukjente vaksne. Ville han få den merksemda han hadde behov for? Korleis ville han takle å gjere seg forstått av nokon som aldri hadde møtt han før? Det var ikkje så lett i starten, korkje for han eller mora. På same tid var eg gravid med veslesystra, og var dei fyrste månadane stort sett på sjukehuset medan han var i barnehagen, så det var ei trøyst at han slapp å sjå meg "halvdaud" heile tida.

Året etter byrja han på stor avdeling, han hadde fått mange vener, utvikla seg godt, var nøgd og gledde seg til å gå i barnehagen. Stolt storebror var han, og sjølv om det framleis var litt trist når mamma sa hade, var han raskt med i leiken. Og der heldt han seg heile dagen. Dess meir som føregjekk, dess betre. 

Siste året hans i barnehagen byrja systra på lita avdeling. Det var spennande å sjå korleis dette ville gå, men heldigvis hadde eg vore gjennom det ein gong før, og dei vaksne var i stor grad dei same som fyrste gong eg måtte "låne vekk" bornet mitt, så eg visste at her hadde dei full kontroll. Det var på tide å seie hade til mamma, og for ei lita, reservert jente er ikkje det alltid like enkelt. 

I tre år no har eldstemann gått på skulen, medan ho yngste har vore i barnehagen med ei lita, kjekk gruppe. Dei er berre seks stk i kullet hennar, tre gutar og tre jenter, og dei har blitt veldig samansveisa. Då siste månadsskrivet frå barnehagen tikka inn på mailen i går, med informasjon om kva som skjer i juni og lukkeønskingar for dei seks som vert fyrsteklassingar i august, kom det eit par tårer hjå ho mor.

Sju år med born i barnehage er snart over. 22. juni går den vesle, store jenta mi ut av barnehageporten for siste gong, klar for å møte nye utfordringar. Eg veit ho og storebroren har vore i dei beste hender i Lyefjell barnehage. Det er berre eit fantastisk personale der, og det er heilt avgjerande for både born og foreldre. Ungane mine er ganske ulike, men dei har jammen meg fått utfalde seg og har blitt sett for akkurat dei dei er. Ikkje minst er det ein barnehage der dei er opptekne av god åtferd og tradisjon. Juletrefest på løa til styraren i barnehagen er døme på ein tradisjon som begge ungane har sett stor pris på alle desse åra. At dei syng for maten og har fokus på til dømes bordskikk, er òg veldig flott. Barnehagen er i tillegg den minste i kommunen, noko som for meg personleg er viktig (kvar enkelt vert faktisk SETT). 



Henta frå Hjartebru på Instagram

For ein halvtime sia ringte det på døra. Då eg lukka opp, stod det to blide 6-åringar utanfor, dottera mi og eine guten som er like gamal som ho. Snart kom dei fire andre òg, samt den pedagogiske leiaren deira. Dei var på tur med dei andre 6-åringane i nærleiken (siste treffet før skulestart!). Plutseleg var heile horden i dokø, og dei fleste ønskte noko å drikke. Ein hadde bursdag, ein lurte på om kvifor eg ikkje var på jobb (eg viste han at eg faktisk sat og retta, så eg er på ein måte på jobb), ein lurte på kvifor det ikkje var lys på på det eine soverommet, og ho mi sa at ho trudde eg hadde fått melding av kjærasten og kunne fortelje dei andre at "dei susse!". :-) :-) 

Dei er ein super gjeng, dei seks, så samkøyrte, høflege, undrande og vittige. Dei kjem til å ha så mange gode minne i lag frå tida i barnehagen.

Epoken med barnehagebarn er snart over. Som det stod til dei i det siste månadsskrivet frå barnehagen: "Dokke e best!"

<3

Kaffi og "kvardag" med kjærasten

No har det vore stille ei god stund, både på Hjartebru på Instagram og her på bloggen. Hovudgrunnen er at eg brukte langhelga som var til å kome meg til Nordfjord og besøke kjærasten. Han fekk ikkje vite det før eg var på veg, strengt teke visste eg det knapt nok sjølv før eg nesten var på veg. Eg drog frå jobb, pakka med meg nokre kle og så drog eg nordover. Var framme i 1- tida om natta, og sjølv om eg var så trøytt at eg heldt på å dåne, var det sjølvsagt veldig, veldig verdt å køyre bil i nesten 11 timar :-) 

Dei tre neste dagane fekk me mykje tid i lag, og fekk besøkt ein del av familien, både hans og min. Sundagen var det avreise kl. 12, og eg var heime på Jæren att halv 11 om kvelden. Sjølv om det ikkje vart mange dagane, var det iallfall litt, og tida fram mot neste gong me møtast er ikkje like usannsynleg lang som det har sett ut til før (men det er framleis sjuuuukt lenge, 23 dagar att no)... Som ein god kollega sa på onsdag, då eg sat og funderte på om eg skulle reise eller ei: "Tre dagar er betre enn null". Eit av favorittsitata mine no ;-)

Det er ikkje slik at ein får noko særleg "kvardagskjensle" når ein bur så langt vekke frå kvarandre og sjåast såpass sjeldan som me gjer, men likevel har me jo nokre "kvardagshendingar" me etter kvart byrjar å få oss òg. Me er båe ganske så glade i kaffi, så det var heilt naturleg at eg måtte skrive nokre ord om akkurat det ein dag eg sat og tenkte. Det er jo nettopp dei småtinga som til sist betyr aller mest, og som SEIER aller mest. Diktet rommar eigentleg så mykje meir enn akkurat den kaffien det er snakk om, det gjer iallfall det for meg :-) Difor er denne sjølvproduserte teksten ein av dei eg er mest nøgd med, for han seier (i hovudet mitt i det minste :-)) mykje om kva som er viktig. 


 

No har nedteljingskalendaren kome opp på kontoret på jobb! Ungane har allereie byrja planleggje kva dei vil finne på, og ser fram til ein lang ferie, dei òg. Det er mykje som skal skje fram mot ferien no, så tida kjem nok til å gå ganske raskt, satsar eg på. Eg gler meg til å verkeleg få slappe av i sommar, ha gooood tid og skape mange gode minne :-) 


Når får du sommarferie?
 

Soloppgang

Då var det jammen helg igjen! Starten er iallfall lovande solrik, så får me sjå kor lenge det varer. Det kunne godt ha vore fri onsdagar og torsdagar kvar veke, dette har vore ei heilt grei veke arbeidsmessig. Tenk om det hadde vore standarden å ha det slik. Ikkje meg imot...

Apropos sol... I går kveld la me ut nytt innlegg på #hjaRTebruInstagram. Denne gongen med eit bilete eg tok litt over kl.5 i fjor sommar. Etter ei lang natt med kortspeling, fann eg ut at det var på tide å reise heim til pappa og sove litt. Sola var på veg opp og Hurtigruta gleid sakte vidare mot nord etter eit kort stopp i Måløy. Det var ein fantastisk morgon, rett og slett, og det er vel ikkje så vanskeleg å sjå.

Diktet er, som dei andre dikta me publiserer, mogleg å tolke både på den eine og den andre måten. Gjerne på to ulike måtar. Det har iallfall to tydingar for diktaren sjølv, men sjølvsagt er det den minst konkrete som er den viktigaste for meg. Som med dei andre dikta mine.

Krona på verket er det sjølvsagt designaren sjølv som står for, og det gjer han veldig godt, tykkjer eg! Eg er glad me kom på denne ideen, for det er veldig artig å sjå kva han lagar ut av eit bilete ein av oss har teke (og som så langt har hatt ein symbolsk verdi på ein eller annan måte) og nokre meir eller mindre velvalde ord frå den tidvis utslitte hjernen min ;-) 



 

Oppdatering på Insta: Dikt om ein spesiell

Då eg starta å blogge for 2,5 år sidan, kunne eg fint leggje ut 3-4, kanskje FEM innlegg per dag. Eg tenkte blogg i alt eg såg og gjorde. I ettertid er eg jo glad for at eg fekk ein slik pangstart, for eg likte å blogge frå dag 1, endeleg fekk eg fart på nynorskskrivinga mi att, nynorsken hadde vore minimalt i bruk dei siste åra. Nynorsken har difor nesten fått ei renessanse for min del etter at eg starta med blogginga.

I kveld skal eg køyre på med heile TO innlegg, det er jo ikkje lange stunda sidan eg skreiv litt om 17.mai.  Klarer likevel ikkje å la vere å skrive om det siste me la ut på Instagram-kontoen vår, Hjartebru, i natt. Diktet har eg skrive heilt nyleg, og er ein personleg favoritt med tanke på å få sagt det eg vil med få ord til ein viss person. Om du les det, kjem du ganske sikkert til å finne ei eller ein du har eller burde ha tenkt dette om. Håper eg iallfall!

Jammen er eg heldig som berre kan sende diktet vidare og gle meg til å sjå korleis resultatet vert, før det vert publisert!

Det fyrste innlegget me la ut på Instagram, var dette:



Deretter la me ut dette:



No har altså nr. 3 kome, om du vil sjå det, kan du trykkje her

Håper du liker det :-).

Gratulerer med dagen!

Etter frukost var det å få på bunaden, som tydelegvis hadde krympa sidan sist du hadde han på, og du innstiller deg på ein dag med ei kjensle av å vere ei pølse i altfor trongt pølseskinn. Gratulerer med dagen! Kaka du må ha med er brent, men med litt triksing og fiksing får du gjort klar ei kake med haugevis av sukkerpynt, i håp om at den kolsvarte botnen som du febrilsk har fjerna så godt som råd, ikkje skal overdøyve smaken av snarleg sukkerkick for liten og stor. Gratulerer med dagen! I bilen på veg til barnetoget, er entusiastiske forventingar av ein eller annan merkeleg grunn erstatta med testing av to stykk 17.mai-fløyter frå helvete i baksetet, ein sur sjåfør som mumlar gloser han strengt teke heller burde sagt på spansk, medan du sjølv kjem på at du har gløymt å gre håret. Og kjensla av å sjå ut som ei pølse har ikkje vorte nemneverdig mindre. Og flagga gløymte du på kjøkenbordet. Det kunne strengt teke nokon andre i familien ha hugsa på, kvifor må det vere DU som hugsar alt? Gratulerer med dagen!

(...)

Bunaden til jentungen har striper etter x (u)tal kroneisar, gutebass er kvalm etter å ha hatt "kven kan ete flest pølser"- tevling med kameratane og du sjølv veit at du skal gulpe sjokoladekake dei neste dagane. Gratulerer med dagen! 

Kjenner du deg att? Heldigvis gjer ikkje eg det! Dagen starta i 8-tida. Då var sonen min for lengst oppe, han sat og åt frukost då eg kom inn i stova. Eg fekk ordna meg sjølv før dottera mi kom traskande. Me åt frukost, eg ordna kakeglasur og pynt før det var på med finkleda og ned med kaka. Då me jentene kom heim, hadde åtteåringen òg fått på seg dressen, me gjorde klart det som skulle vere med og gjekk gjennom nokre reglar før me drog ned der me skulle vere. 17. mai- tog etterfulgt av pizza, brus, kaffi og kaker. Ungane styrte seg sjølv og kom når dei var svoltne, tørste eller ville ha is. 


 

Jammen er det godt å ha store ungar som ordnar seg sjølv! Me var heldige med veret òg, det var korkje for varmt eller for kaldt.

Dette er den mest avslappande 17.mai eg kan hugsa. Etter at me kom heim, har me hatt kake, is, brus og 17.mai på TV. Både seksåringen og eg har hatt kvar vår siesta på sofaen, det tek på med slike dagar, og særleg for oss introverte. Ikkje minst når eg seriøst slit med å ikkje hulke når me syng nasjonalsongane, det vert berre verre og verre med åra. Tør ikkje tenkje på korleis det vert når eg rundar 50 (må vel gå rundt med høyrselvern, eg, då...). Glad eg er norsk, stolt over landet og folket. Sjølvsagt er ikkjw alt perfekt, men kva er vel det?

Gratulerer med dagen! :-)



 

 

 

Daffedag og diktskriving

Plutseleg har det faktisk blitt laurdagskveld! Dette har vore litt av ein daffedag. Eg har slappa av, sett på TV og surfa på nettet, stort sett. Bittelitt husarbeid òg, men kun det aller mest naudsynte. Ungane kjem ikkje før på måndag, så å ta ein slow motion- laurdag er ingen problem. Eg ventar berre på at motivasjonen skal leggje seg over meg som eit kløande teppe, skal få meg til å starte å rette norsktekstar, men fram til no er det ingenting som minnar om kløe eingong... 

I går kveld la T og eg ut det 2. innlegget på Instagram-kontoen vår, Hjartebru. Teksten er, som dikt som oftast er, ganske personleg. Biletet er det T som har teke i Nordnesparken, ei helg me var i Bergen. Det er jo ekstra inspirerande og personleg når me kan bruke tekst og bilete som har tilknyting og kan formidle noko om ting me har gjort saman. Det eg liker ekstra godt, er at eg berre treng å kome med teksten, så ordnar han resten :-) 

Me som bur på Vestlandet er så heldige at uansett kor me er,så er det alltid høve til å ta fantastiske bilete av naturen. Skog, fjell, fjord og havet. Her er jo òg meir enn nok av kulturhistorisk materiale å knipse, så me kjem aldri til å gå tomme for motiv iallfall. Likevel vert det nok nokre dikt som kan verte vanskelegare å finne biletmotiv til enn andre, men T fiksar det nok. 

Om nokon tykkjer det kan verte litt vel mykje rosa skyer- dikt dette her, så seier eg berre synd for dykk, då får de berre la vere å lese dei :-D Eg skriv om det som inspirerer meg der og då. Det vil nok dukke opp nokre andre tema òg, eg er ein emosjonelle person, så store delar av kjensleregisteret er representert i løpet av ein dag. Heldigvis er det dei som les dikta som legg meining i det som står, og det treng jo absolutt ikkje vere det same som var kjelda til skrivinga mi.

Å skrive dikta på nynorsk er sjølvsagt, det er skriftspråket vårt og fortel av ein eller annan grunn meir presist det eg vil seie. Å skrive dikt på bokmål er heilt utenkjeleg for min del, sjølv om sidemålet for oss nynorskbrukarar er fint, det òg.



 

Når fantasien løper løpsk...

Når ein bur sånn grovt rekna eit lysår unna kjærasten, er det vel ganske forståeleg at ein kan verte litt småsprø. For vår del går det mykje i Messenger og videochat, men no skal me prøve ut ein annan ting i tillegg: Felles Instagramkonto! Viss du vil sjå han i den spede barndom, finn du han ved å trykkje her.



Her er det aller fyrste me har laga. Denne gongen brukte me eit bilete eg tok på ein felles fisketur for ei god stund sidan. Me stod og fiska frå land, og plutseleg oppdaga eg dette fotsporet i berget. Kven hadde trakka der? Kven kunne setje SÅ djupe spor i berget? ;-) No er biletet eit bilete med mykje symbolikk for min del.

Eg er ingen Olav H. Hauge eller Halldis Moren Vesaas, og bileta våre er heilt vanlege bilete teke med mobilane våre. Me aner absolutt ikkje korleis det vil gå med kreativiteten og motivasjonen, kanskje det vert med eitt eller to innlegg, men det kan jo bli ein fin hobby å ha i lag, dette :-)

Eg gler meg uansett til at me skal ha noko konkret å jobbe med i lag :-) 

Når det vert offisielt

Det er skremmande kva sosiale medier kan gjere med oss. Meg sjølv inkludert. Heldigvis langt ifrå berre i negativ forstand. Ta til dømes det å blogge. For nokre dagar sidan skreiv eg om å få ein ny start i livet. Det kan du lese her.

Mange har visst om det, nokon få i ganske lang tid. I påskeferien vart det hinta veldig, og nokre tok hintet med ein gong. Andre spurte høfleg (nokre var "noko" meir frampå, hehe), og det var sikkert nokon som lurte, men ikkje ville spørje.


Hint hint... ;-)

I går vart liksom noko forandra. På grunn av Facebook. For då vart det med eitt så mykje meir offisielt, sjølv om det ikkje har vore uoffisielt før heller. For då stod det svart på kvitt på Fjesboka. Sivilstatusen var plutseleg oppdatert.

Dette biletet har eg høyrt fekk nokon til å spekulere litt...

Livet går vidare som før, men samstundes er det litt forandra. For no kan "alle" vite det. No er spørsmåla litt annleis, det er slutt på "Kva heiter han?" Dei som interesserer seg har nemleg allereie vore inne og snoka på profilen hans (trur de ikkje eg veit det?) :-) No er det meir "Fortel, då!", "Har ungane møtt han?", "Når skal du treffe han neste gong?"- altså frykteleg mykje ulikt.

Ro i sjela :-)

Dei som har kommentert, anten på Facebook, melding, face to face eller med ein god klem, gjer det på forskjellige måtar, men de vert sette pris på, kvar og ein. For som mange veit; eg er ikkje den som legg ut om alt til alle. Dei som ikkje interesserer seg, skal ikkje eg plage med det som opptek meg mest. Så takk, Facebook, for at du gjorde informasjonsjobben. Resten tek eg med glede sjølv :-) 

Dette likar eg veldig godt!

Til slutt må eg få seie at eg tykkjer det er veldig kjekt at så mange er glade på mine/ våre vegne. Det betyr faktisk meir enn de trur. <3

Ein favorittsang

Ein av favorittsongane mine er ein sang eg har kjent til sidan eg gjekk på barneskulen. Lærarane på den vesle skulen var vanvittig musikalske, og det fekk me elevane nyte godt av, både med tanke på eit variert og stort songrepertoar, samt eit instrumentmangfald andre berre kan drøyme om. Når det nærma seg 17. mai, var "Kom mai, du skjønne milde" ein av songane som gjekk att. Grøne bjørkeblad både heime og som pynt på skulen på 17. mai, det å øve til 60-meteren og å finne fram 17.mai- fanene til 1.og 2. klasse/ 3. og 4.klasse og 5. og 6. klasse, er nokre av dei beste minnene eg har frå mai som liten. 

Det er noko heilt spesielt når bjørka endeleg let blada titte fram etter ein lang vinter. Eg er rett og slett veldig glad i bjørka, fordi eg har så mange gode minne frå barndomen. Eg lærte nettopp følgande på Wikipedia: "Det norske navnet har trolig sin opprinnelse i norrønt og betyr det lyse treet som viser til bjørkas karakteristiske hvite bark, som hos bjørk kalles never." Stammen er jo sååå fin! Ja, eg veit eg er litt merkeleg... :-)

Sangen "Kom mai, du skjønne, milde" sin melodi er jo som kjent av sjølvaste Mozart himself. Teksten er skriven av Christian Adolf Overbeck (1755?1821). Det finst fleire versjonar av teksten, men den som er mest kjent, og den som eg sjølv har lært, er Johan D. Behrens sin versjon Mads Berg skulesangbok frå 1970., der teksten var blitt noko modernisert. Du kan nok denne sangen, du òg:

Kom mai, du skjønne, milde,
gjør skogen atter grønn,
og la ved bekk og kilde fiolen blomstre skjønn.
Hvor ville jeg dog gjerne
at jeg igjen deg så!
akk, kjære mai, hvor gjerne
gadd jeg i marken gå!

Om vint?ren kan man have
vel mangt et tidsfordriv;
man kan i sneen trave
? å ja, et lystig liv!
Men når seg lerker svinge
mot sky med liflig slag,
på engen om å springe
? det er en annen sak!

Kom derfor mai, du milde,
gjør skogen atter grønn,
og la ved bekk og kilde
fiolen blomstre skjønn.
Hvor ville jeg dog gjerne
at jeg igjen deg så!
akk, kjære mai, hvor gjerne
gadd jeg i marken gå!


Er det ikkje fint??? :-) Kva betyr denne sangen for deg?

Føl meg gjerne vidare her på bloggen + på Facebook og Instagram

Du veit...

Du vet 

hvor du har meg

for det var du 

som satte meg 

her

 

TRYGVE SKAUG

 




Føl meg gjerne vidare her på bloggen + på Facebook og Instagram

Ein ny start

Livet har oppturar og nedturar. Dei siste månadane har det skjedd mykje, og dei som treng å vite kva som har skjedd, veit om det, andre har fint lite med det. Eg har lært veldig mykje, både om meg sjølv, familien min og andre som betyr mykje for meg. Eg har funne ut kven eg kan stole på uansett kva, og kven eg ikkje kan ha same tiltru til. Eg har fått meir enn èi overrasking, både på godt og vondt. 

Eg har tenkt mykje på kva eg vil med livet, og kva som betyr noko for meg. Det heile kokar ned til det eg alltid har visst. Eg vil ha eit heilt normalt unormalt liv, utan drama og konflikt. Med ein som vil ha det same. Eg vil at så mykje som mogleg skal vere forutsigbart og trygt, ein stabilitet i livet. Med ein som vil det same. Og eg vil vere MEG. Med alle mine merkelege standpunkt og kjensler og syn på alt og ingenting. Med mine reaksjonar, utbrot, spørsmål og handlingar. Pluss alt anna som gjer at eg er meg. Med ein som vil at eg skal vere nettopp den eg er. Og som treng alt dette i gjengjeld.

For at livet mitt skal verte forutsigbart og trygt, og med stabilitet og andre viktige element, ja, såkalla "komplett", så må det ganske enkelt vere ein annan person som bidreg med nettopp det, og som taklar alle dei skrudde tinga ved meg som eg nettopp nemnde. Eg veit det er mykje å be om... :-) Men dette går jo båe vegar, det er sjølvsagt like viktig at den andre treng og opplever det same frå meg :-) 

Så kva er det eg vil? Svaret er enkelt, men samstundes så vanskeleg. Det er det å finne ein som eg "er eitt" med, ein som finn og ser det beste i meg, og ein eg ser det beste i. Ein eg kan snakke med om alt, og som forstår, eller i det minste forsøker å forstå. Og å vere på lik bølgjelengde, eg kan ikkje få sagt kor viktig det er (her går det an å få seg ei positiv overrasking)...  Når ein bestemmer seg for å gå "all in", legg ein inn ei forventing om 100% tillit og respekt, med alt det inneber. Utan kommunikasjon kjem ein ingen veg, og her finn ein vel rimeleg raskt ut om det går "til pises", er liv laga eller om der er langt over middels "treff". 

Jammen er det litt som skal klaffe! 

Har du funne "den rette", er du heldig. Ta godt vare på det, det er ein kontinuerleg jobb å halde det slik. Men det skal vere ein positiv jobb, for det er jo å halde det viktigaste i livet ved like. Det skal ikkje vere til bry, det skal vere sjølvsagt og noko ein gjer med glede, det å halde liv i kjærleiken.



Når du minst ventar det, kan sola plutseleg titte fram. 

No er det berre å sjå framover, det er berre dagen i dag og framtida me kan gjere noko med :-) 

<3
 

Kva meiner DU må til for at ein skal ha eit godt liv med ein annan, altså "den rette" for deg?

Føl meg gjerne vidare her på bloggen + på Facebook og Instagram

Optimisten talar

Påskeferien 2017 er historie, men heldigvis lagra i både hjerne, hjarte og på mobilen. 

Sjølv om eg ikkje anar korleis eg skal få ståande bilete til å forbli ståande på bloggen, legg eg ut eit par minne frå ferien her likevel. 


Frå barndomen av har eg hatt kusymra som favorittblomen min. Eg har alltid likt gult, og særleg gulfargane i kusymra minnar om at sommaren nærmar seg. No er det ikkje så mange plassane eg har sett kusymre, men me fann eit område der det berre FLORERTE av dei, dei var jo nesten overalt! 

Litt fakta, kjelde: https://www.miljolare.no/data/ut/art/?or_id=3769: 

Kusymra er en flårig urt på rundt 10 cm. Blomsten er svovelgul og den trives i løs, kalkrik jord i skog. Ytterst i skjærgården kan den også vokse i åpen lynghei og i ganske myrete drag. Historisk sett markerte blomstringen av kusymra at det var slutt på vinterforingen av kyrne og at de kunne sendes på beite.

Kusymra er en utpreget kystplante som finnes fra Aust-Agder til Nordland, men det er bare på ytre Vestlandet og stedvis i Trondheim at den er vanlig. I disse traktene er den et typisk vårtegn. Kusymra er valgt til fylkesblomst for Hordaland.

Litt fakta igjen, kjelde: renatesittoptimistiskehovud.no:

No er det snart mai, og etter mai kjem juni, og då er det ferie igjen.

GLEDE <3 



Kva gler DU deg mest til i sommar?

Føl meg gjerne vidare her på bloggen + på Facebook og Instagram

Siste dag av kjøpestoppveka...

Så var det om eg klarte helga, då? Utan sjokolade i hus låg det jo ikkje til rette for at eg skulle klare meg utan å råkøyre på butikken, løpe (nja...) inn på butikken, rive med meg ein Mokkasjokolade eller Krokanrull og kaste i meg så snart eg hadde kjøpt han. Sleit i går, men fann ut eg kunne sjå om eg hadde ingrediensane til å lage bollar. Målte opp kor mykje mjølk eg hadde att, og der var det faktisk 4 dl att (hadde spart heile veka, mjølka hadde faktisk til og med gått ut, men var ikkje øydelagt, så gjekk heilt fint, det), og hadde alt anna eg trong, gjær hadde eg òg nyleg kjøpt. Nøgd putta eg i alt eg skulle, så var det gjæren. Leita og leita, gjekk gjennom alle plassar eg kunne ha plassert pakka, men neida, fann ho ingen plass... Måtte til slutt gje opp, men kunne jo ikkje hive så mykje deig, så eg heiv i noko bakepulver og satsa på det beste... Det er ikkje dei beste bollane eg har smakt, men dei fungerte fint for formålet: gje meg sukker. 

Om du lurte, så stemte det forresten at eg hadde kjøpt gjær for ikkje så lenge sidan. Det var berre det at eg kjøpte det i vinterferien, så gjæren litt på eit kjøken i Nordfjord...

Eg har hatt ei skikkeleg "feriehelg": eg har lese, surfa på nettet, sett TV, rydda og vaska litt og jobba litt. Særleg lesing er noko eg ikkje prioriterer i kvardagen, diverre, så det ga litt "luksuskjensle" å ta seg tid til det. 

No står ei hektisk veke for tur, og det kjem nok til å verte nokre turar på butikken. I morgon blir nemleg dottera mi 6 år, så då skal me feire frå eg hentar ho i barnehagen til ho legg seg om kvelden. <3

Renate Tytingvåg sitt bilete.Gler meg til å gje ho her ein kjempebursdagsklem i morgon :-) 

Føl meg gjerne vidare her på bloggen + på Facebook og Instagram

Handlestopputfordring dag 5: For ein (kake)dag!

Eg har sett fram til denne dagen i nokre dagar no, ganske enkelt fordi fredag = "noko godt til kaffien"- dag på jobb. Lite visste eg om kva som låg foran meg...

Då eg kom på jobb, lyste namnet mitt på vikaroversikta. 1. time. Timen eg skulle bruke til å skrive ut halvårsvurderingar og få ordna ein del småting (alt tek tid...), men det var berre å gløyme. Då eg kom inn i klassen eg skulle ha i norsk, viste det seg at dei hadde kake der... Sukkerabstinensar de lux. For å gjere ei historie kort: dei ville ha sjokoladekake kl. 9 om morgonen, og hallo, kake er kake, handlestopp er handlestopp, sukker er sukker, så eg tok eit stykke eg òg. Fredagen var i gong!

Dei siste seks vekene har eg hatt med meg ein PPU- student i ein del av timane mine. Ei positiv og dyktig dame som har vore ein fryd å jobbe med. Eg hinta om at sia klassen min er så glad i kaker, så KUNNE det jo hende dei ville bli glade om ho lagde ei kake til dei siste dagen hennar. Det vart ikkje kake på dei i dag, men dei fekk dette:

Det vart heldigvis nokre til overs, og dei var skikkeleg yummy (korleis eg veit det? Eh.... ;-)) Ikkje nok med det, men ho hadde jammen laga noko til personalet òg:

Ho hadde lagt av eit kakestykke til meg, sånn just in case. Men det visste ikkje eg, så eg fann meg eit stykke sjølv, eg. Dermed vart det to av denne, altså...

No får det vel vere nok, tenkjer du... Men neida... Her var pinadømeg ei gigantmarsipankake i tillegg. Eg tør ikkje tenkje på kor mange marsipankakestykke eg har ete i dag... Det er verkeleg gale....


Eg trur eg med handa på hjartet kan seie at eg aldri før i livet har ete så grasat mykje kake på ein dag som eg har gjort i dag. Det er berre heilt SJUKT kor mykje sukker eg har fått i meg i dag. Eigentleg burde eg kanskje ha kasta meg frå gardin til gardin i stova no i kveld eller løpt opp og ned trappa i sukker- rus, men eg er altfor mett ;-) Det er faktisk flaut å tenkje på kakeinntaket mitt i dag, men handlestoppen byrjar å verte litt tøff no.

For å vere heilt ærleg: akkurat no kjennest det ut som om eg aldri skal ete kake meir, for eg er så ufatteleg mett! No står to dagar for tur UTAN høve til smakfulle overraskingar på jobb, så eg ser for meg at dei to siste dagane vert dei to tøffaste. Men heiane heller: dette skal eg klare! :-)

 

Føl meg gjerne vidare her på bloggen + på Facebook og Instagram

Dag 3 av kjøpestopputfordringa

Eg held ut! Men har vore to turar på Bryne i ettermiddag/ kveld, og då kjente eg det hadde vore greitt å svippe innom Kiwien og ta med seg ein sjokolade på veg heim. Gjorde eg det? Nope!

Takk og lov har klassen min mat og helse i år, så eg var nedom kjøkenet og fekk middag der i dag. Mat og helse- læraren deira sa at dei hadde ein del mat til overs, eg gjekk ikkje og åt det elevane skulle ete, altså! :-D Eg blanda litt (eigentleg ganske mykje...) frå to ulike grupper, og det vart skikkeleg godt! Og jammen fekk eg ikkje med meg to gulrotkakemuffins òg! Desse måtte eg berre smake med ein gong eg kom heim, og tru meg: dei gjekk ned på høg kant. Skikkeleg yummy var dei :-)



Er eg ikkje heldig som har så flinke og greie elevar?

Etter at ungane hadde vore på symjekurs, var dei her og åt kveldsmat, og då merka eg at eg vart litt desperat fordi dei ville både ha knekkebrød, corn flakes og mjølk, for ikkje å snakke om druer. Eg stressa litt då, for maten forsvann så fort plutseleg, men eg har sikkert nok mat til måndag morgon likevel :-) Dei fekk sjølvsagt ete det dei ville, sjølv om dei tykte det var litt nedtur at eg ikkje hadde brød :-) 

I morgon er det fridag, då skal eg sove leeenge. Det er travle dagar som regel, så eg må prøve og sove når eg kan. Torsdag føremiddag likar eg å dra og ta storhandelen før helga, då er det så lite folk på butikkane, så ein får gå i ro og fred og slepp å stå i kø nokon stad. Sånn vert det ikkje i morgon... ;-) 

Ha ein fin kveld, det er lov å ta seg ein sjokolade (for dei som har)!

Føl meg gjerne vidare her på bloggen + på Facebook og Instagram

Kjøpestopp dag 2

Jau då, eg lever framleis, eg!

Som eg fortalte om i helga (innlegget kan du lese her), fekk eg plutseleg for meg at eg skal ha kjøpestopp heile denne veka. Det var absolutt ikkje planlagt, og sidan eg skal vere åleine heile denne veka, hadde eg heller ikkje handla inn noko på dagesvis. Eg skal altså ikkje handle noko mat denne veka, men sjølvsagt ikkje kle eller andre ting heller. 

 

Tenkte eg kunne fortelje litt om kva eg har oppdaga/ erfart så langt:

- Har fått MANGE positive tilbakemeldingar frå personar som tykkjer dette var ein god idè, fleire seier dei godt kunne tenkje seg å prøve det same sjølv.

- Eg har fått både middag, frukt og sjokolade dei to siste dagane på jobb, av snille kollegaer :-) :-) <3 

- Eg gler meg så ekstremt mykje til fredag på jobb, når det er kake e.l. i matpausen! Litt av poenget med kjøpestoppen, er å ikkje ha tilgang til så mykje snop.

- Eg har stort sett fått oversikt over det eg har i frysaren, og har planlagt korleis eg skal bruke ein del av det i løpet av veka. 

 

Konkrete matutfordringar:

- Eg skulle ønskje eg hadde egg i kjøleskapet

- Eg har om lag 5 dl mjølk i kjøleskapet. Sparer dette i tilfelle, sjølv om eg kunne tenkt meg å ete havregryn med mjølk til kvelds.

- Eg hadde lyst til å lage bollar i stad, men har ikkje kardemomme, og det MÅ ein jo ha i bollar... Yummy! Vurderte å lage skillingsbollar ei stund i staden, men då utan egg og helst utan mjølk òg. Trur heller eg skal vente med det til helga, eg. Feire at det er helg, liksom.

 

Ei utfordring i utfordringa:

Dottera mi har bursdag på måndag. Eg får ikkje kjøpt gåve til ho på førehand, ei heller laga kake. Dette kunne jo ha stressa meg litt, men løysinga er veldig enkel: gåva skal kjøpast, saman med ho, på måndag. Når det gjeld maten, skal ho velge kor ho vil ete både middag og kake. Det er trass alt hennar dag :-) 

Renate Tytingvåg sitt bilete.

Neida, ikkje lyst på dette ;-)

Oppsummert er dette ei utfordring eg (så langt) så absolutt kan tilrå andre å prøve òg. Tida du sparer fordi du slepp å gå og handle, kan du bruke til det du vil: sjå TV, lese ei bok eller skrive halvårsvurderingar. OK, sistnemnte forslag går kanskje ikkje under kategorien "Det du VIL gjere", men men... ;-) No skal det likevel leggjast til at eg berre har kome til dag 2... Me snakkast om eit par dagar, kanskje eg har eit litt anna syn på utfordringa mi då? 

Renate Tytingvåg sitt bilete.

Dette såg heller ikkje godt ut, nei............... :-)

Føl meg gjerne vidare her på bloggen + på Facebook og Instagram

Utfordring!

Eg har tenkt å teste ut noko i veka som kjem. Det høyrest heilt CRAZY ut, men eg skal teste det ut likevel: Ikkje gå på butikken i det heile HEILE NESTE VEKE! Er det mogleg? Dei siste månadane har eg ikkje vore så ofte på butikkar som tidlegare, eg elskar å handle kle, og matbutikkar er eg sjølvsagt innom fleire gongar i veka. Men no skal eg sjekke, om eg klarer å halde meg unna alt av butikkar i veka som kjem. Kanskje det skjer noko uforutsett som gjer at eg MÅ på butikken, då gjer eg sjølvsagt det, det er ingen som døyr om eg ikkje taklar utfordringa.

Så langt er det berre ein som har fått vite at eg skal teste ut dette, og det såg ikkje akkurat ut som om han trur det kjem til å gå bra ;-) 

Kvifor gjer eg då dette? 

- Kun meg: eg skal vere åleine heime heile veka, då er det ingen ungar å ta omsyn til med tanke på brød og mjølk til dømes. Eg har ikkje eit overfylt kjøleskap akkurat no, på langt nær, og tenkjer at eg neste helg kjem til å ha relativt lite å velgje mellom. Men fint å ha eit eksperiment, og det går ikkje ut over nokon andre enn evt. meg sjølv, som nok er rimeleg lei tørre knekkebrød neste sundag...

- Økonomisk: Alle veit at ein har ein tendens til å kjøpe meir enn ein treng når ein er på butikken. No pleier eg å halde meg rimeleg greitt til handlelista mi, men likevel er det dyrt å handle. Og er ein på eit kjøpesenter, er det lett å svippe innom ein klesbutikk eller to... Du skjønar... ;-) 

- Miljø: Nordmenn hiv vanvittige mengdar med mat. Dei neste dagane skal ikkje eg bidra nemneverdig til det, for eg kjem nok til å ete det meste som finst i kjøleskapet. Har til eit par middagar i frysaren òg, greitt å ta eit raid der av og til. 

- Dempe eit sjokoladesug som ikkje liknar korkje grisen eller andre dyr: Eg elskar sjokolade. Per no har eg ikkje noko som helst av snop heime, og eg kjenner allereie sjokoladesuget (har ikkje ete sjokolade sidan i går!)... No får me sjå om eg klarer å stå imot, eller om eg kjem til å råkøyre på Kiwi i morgon kveld kl. 22.57... 


Dette kakestykket smakte eksepsjonelt godt i går...
 

Kan godt hende det er fleire grunnar, men no byrja eg å tenkje så mykje på sjokolade at eg slit med å tenkje fornuftig :-D 

Eg ser fram til fredag på jobb, for då er det kake eller noko anna sukker, og det er det eg skal sjå fram mot på matfronten denne veka. 

Eg har berre ein ting å seie: Wish me luck... :-/ :-)

Har du prøvd noko liknande? Korleis gjekk det?

#sjokolade #sjokoladekake #kake #hardetklikka #økonomi #økonomisk #spare #sparelitt #helse #fredag #fredagskake #abstinensar #abstinenser #slit #slite #kjemtilåslite #skalprøve #sta #sjokoholikar #sjokoholiker #wishmeluck #lukketil #lykketil #nynorsk

Føl meg gjerne vidare her på bloggen + på Facebook og Instagram

Les mer i arkivet » Januar 2018 » Desember 2017 » November 2017
renate1981

renate1981

36, Time

Bur med dei to borna mine på 6 og 9 år, to aktive småtroll som gjer livet travelt og meiningsfullt. Har ein kjærast/besteven/problemløysar/optimist som bur altfor langt borte, men me sjåast så ofte som mogleg og elles: takk til den teknologiske tidsalderen me lever i, seier berre eg! Har verdas travlaste/beste/mest allsidige/utfordrande jobb, er nemleg ungdomsskulelærar. Fokuserer på dei som er viktige i livet mitt, prøver å skape motvekt til det travle samfunnet der noko skal skje heile tida. Er oppteken av dei små stundene, den vesle detaljen andre ikkje merkar, alt som får meg til å undre... Er elles glad i nynorsk, slektsgransking, personar som gjev meg energi og musikk.

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer